Helse Fonna
Vigtige datoer:
Oprettet:02. december 2025
Ansøgningsfrist:27. januar 2026
Virksomheden tilbyder
Fast ansættelse
Fuldtid
Kontakt person
Arbejdsgiver
Helse Fonna
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Norge
Annoncen er hentet fra Jobnet
Annonce ID
6afd6117-db3b-4375-a74a-549d5328701f
Søg jobbet
Vil du bli vår nye fagingeniør?
Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv? Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus. Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i turnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i vaktplanen. Du blir del av eit dyktig og motivert team med godt arbeidsmiljø og tett samarbeid. Hos oss er vi opptekne av å ha det kjekt saman – både på jobb og utanfor.
Vi møtest jamleg til sosiale aktivitetar, og kvart år samlast vi til julebord. Skal du flytte for å starte hos oss?
Då gjer vi overgangen enklare:
• Vi dekkjer reise- og flyttekostnader opptil 20 000 kr.
• Vi betaler husleige dei første seks månadane – opptil 60 000 kr. Er du nyutdanna? Då oppmodar vi deg til å søkje! Vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju fortløpande – så ikkje vent med å sende søknaden.
Kompetansekrav: Arbeidsoppgaver – Kvalifikasjoner – Personlige egenskaper – Vi tilbyr
Kva går jobben ut på
•Delta i laboratoriets rutinearbeid, inkludert blodprøvetaking
•Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
•Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
•Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar
•Utføra delegerte arbeidsoppgåver frå fagansvarleg ingeniør
•Halda seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte
•Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kva kompetanse er viktig i denne rolla
•Bioingeniør med norsk autorisasjon.
•Anna relevant utdanning og erfaring kan og bli vurdert.
•Kompetanse og erfaring innan mikrobiologi (bakteriologi eller molekylærbiologi) er ein fordel, men ikkje eit krav
•Kunnskap og erfaring innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
•Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar og vilje til å ta ansvar.
Kva ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som:
•har motivasjon og engasjement for faget, og trivst med å halde høgt tempo når det trengst
•samarbeider godt med andre, og både tilbyr og tek imot hjelp når det er behov
•er påliteleg, strukturert og møter opp når du skal
•ser kva som må gjerast, og tek tak med nysgjerrigheit og vilje til å finne gode løysingar
•lærer raskt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar
•trivst i eit tverrfagleg miljø og handterer krevjande situasjonar med ro
•bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø, der vi støttar kvarandre
Kvifor skal du velje oss
Hos oss får du:
•eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
•eit laboratorium og fagområde i utvikling, der du får vere med på å forme framtida
•ein variert og spennande jobb med oppgåver som gir både læring og meistring
•For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Arbeidssted/arbeidstid
Haugesund sykehus
